Meny

Nettprisar for 2025

Nettleiga du betaler dekker drift, utbygging og vedlikehald av straumnettet, og inneheld etter 01.10.22 to delar: eit kapasitetsledd og eit forbruksledd. I tillegg dekker nettleiga avgifter til myndigheitene.

Frå 1 juli 2022 vart me pålagd av Reguleringsmyndigheita for energi(RME) å gjere om nettleiga. Dette vil for Modalen Kraftlag tre i kraft på avrekninga for oktober.

Den vanlege fastavgifta(årleg fastbeløp) på nett går bort og vert erstatta av to deler kalla kapasitetsledd og energiledd.

Kapasitetsleddet er eit fast månadleg beløp som vert basert på kor mykje straum du bruker på samma tid. Om du fordeler straumforbruket utover heile døgnet, vil du få eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje på ein gong.

For å berekna kapasitetsledd er det lagd ein trappetrinnsmodell, der gjennomsnittet av dei tre høgste døgnmaksimalane i månaden vil avgjera kva trinn du kjem på. Ein døgnmaksimal er den timen du brukar mest straum i løpet av ein dag. Det vil seie at gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i månaden, fordelt på tre ulike dagar vil avgjera kva slags trinn du kjem på.

 

Kapasitetsledd 01.11.2025

Kapasitetstrinn Døgnmaks kW Kr/mnd ink mva Kr/år ink mva
Trinn 1 0-2 77,5 930
Trinn 2 2-5 125 1500
Trinn 3 5-10 207,5 2490
Trinn 4 10-15 300 3600
Trinn 5 15-20 385 4620
Trinn 6 20-25 470 5640
Trinn 7 25-50 900 10800
Trinn 8 50-75 2650 31800
Trinn 9 75-100 3500 42000
Trinn 10 Over 100 6900 82800

 

Energileddet 2025

Energileddet avreknast etter straumforbruk i kWh. Det vil sei 71,16 ø/kWh ink. MVA.                                                                                                  

Prisen inkluderer dette:

Overføring 39 ø/kWh (48,75 ink mva)

 1,0 øre per kWh (1,25 øre inkl. mva).

Forbruksavgift på elektrisk kraft(Elavgift til staten): 9,79 ø/kWh.januar/mars (12,24 øre inkl. mva).

Forbruksavgift på elektrisk kraft (Elavgift)April/desember 16,93 ø/kwh.(21,16 øre inkl. mva).

Meirverdiavgift(mva): 25%

Endring i elavgift frå 1. oktober 2025

 

  • Tidlegare sats (april–september 2025): 16,93 øre/kWh ekskl. mva (21,16 øre/kWh inkl. mva).

  • Ny sats frå 1. oktober 2025: 12,53 øre/kWh ekskl. mva (15,66 øre/kWh inkl. mva).

  • Dette inneber ein reduksjon på 4,4 øre/kWh ekskl. mva, noko som gir merkbar innsparing for hushaldningar og næringsliv.

 

Andre priser anngående tilknytting

Tilknytingsavgift andelseigar– prisar gjeldande frå 01.11.2025
Tilknytingsavgift er på kr 750,- pr. kW.
I tillegg vert det fakturert anleggsbidrag for medgått kostnad ved tilkopling,

Omlegging av 1–3 fasar stikkleidning (kabel)
• Fastpris: kr 3 000,-
• Kr 750,- pr. kW i effektutviding
(Frå-/tilkopling av kabel, inkl. målar.)

Omlegging av 1–3 fasar stikkleidning (luft)
• Fastpris: kr 3 000,-
• Kr 750,- pr. kW i effektutviding
(Frå-/tilkopling av luftstrekk, inkl. målar.)

Omlegging av 1–3 fasar stikkleidning (luft) med nytt innstrekk
• Fastpris: kr 5 000,-
• Kr 750,- pr. kW i effektutviding
(Frå-/tilkopling + nytt luftstrekk, inkl. målar.)

Driftsoppgåver
Frå-/tilkopling av luft/kabel
• kr 2 000,-
(Ved ombygging, flytting o.l. av inntak.)

Tilknyting/fråkopling av mellombelse anlegg (byggeskåp)
• kr 2 500,-

Merknad
Dersom inntakskabel kabel må bytast, vert kostnaden rekna etter faktisk medgått meter kabel og grøftekostnad.

Prisane er ekskl. mva.

 


Tilknytingsavgift andre – prisar gjeldande frå 01.11.2025
Tilknytingsavgift er på kr 750,- pr. kW.
I tillegg vert det fakturert anleggsbidrag for medgått kostnad ved tilkopling,

Omlegging av 1–3 fasar stikkleidning (kabel)
• Fastpris: kr 5 100,-
• Kr 750,- pr kW i effektutviding
(Frå/tilkopling av kabel, inkl. målar.)

Omlegging av 1–3 fasar stikkleidning (luft)
• Fastpris: kr 5 950,-
• Kr 750,- pr kW i effektutviding
(Frå/tilkopling av luftstrekk, inkl. målar.)

Omlegging av 1–3 fasar stikkleidning (luft) med nytt innstrekk
• Fastpris: kr 8 450,-
• Kr 750,- pr kW i effektutviding
(Frå/tilkopling + nytt strekk, inkl. målar.)

Driftsoppgåver
Frå/tilkopling av luft/kabel (ombygging/flytting av inntak)
• kr 2 450,-
(Gjelder ved eitt oppmøte.)

Tilknyting/fråkopling av mellombelse anlegg (byggeskåp)
• kr 4 600,-
(Tilkobling midlertidig anlegg kabel, inkl målar.)

Merknad
Dersom kabel må bytast, vert kostnaden rekna etter faktisk medgått meter kabel og grøftekostnad.

Prisane er ekskl. mva.