Torsdag 15. oktober er den nasjonale elsikkerheitsdagen. DSB oppmodar alle til å gjennomføre ein enkel og viktig eigenkontroll av det elektriske anlegget.
Elsikkerheitsdagen vert arrangert 15. oktober kvart år i regi av Det lokale eltilsynet (DLE). Denne dagen vert alle oppmoda til å sjekke det elektriske anlegget heime for å oppdage feil eller manglar.
Slik deltek du
Elsjekken består av nokre få, men viktige kontrollpunkt, og omfattar typiske risikofaktorar som erfaringsmessig kan føre til varmgang og brann.
Ta elsjekken og bli med i trekninga av 25 000 kroner – det tek berre nokre få minutt!
Du finn elsjekken ved å klikke på linken nedanfor. Det vil og verta sendt sms med link for Elsjekken.
Elsikkerhetsdagen 2026 | Elsjekken
Kvifor delta?
Eit elektrisk anlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald. Med ein enkel eigenkontroll kan du oppdage feil og teikn på varmgang som bør rettast opp. Dette bidreg til å gjere bustaden tryggare for deg og dine.
I løpet av dei siste tre åra har det blitt gjennomført rundt 110 000 eigenkontrollar, og fleire tusen farlege feil har blitt avdekte. Berre i fjor vart det funne over 2 000 tilfelle av teikn på varmgang i støpsel og stikkontaktar til varmtvassberedarar.