Meny

Norgespris

Norgespris er ein ny, statleg ordning som gir deg ein forutsigbar straumpris gjennom året. Den er frivilleg og gjeld frå 1.oktober 2025. Du kan no logga deg på "Mi Side" på Elhub.no og sjå kva som kan løna seg for deg. Her skal du også bestilla Norgespris. Dette vert det opna for frå 24.september.

 

Bestillingsskjema for ikkje-digitale kunder v1.pdf

Avbestillingsskjema for ikkje-digitale kunder v1.pdf

 

Dette er Noregspris
Noregspris er ei ny, statleg ordning som gir deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Ordninga er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.
• Ordninga gir ein fast pris på 50 øre per kWh med mva. (40 øre utan mva.) for straumforbruk heime og på hytta.
• Noregspris har eit forbrukstak på 5 000 kWh per månad for hushald og 1 000 kWh for hytter.
• Noregspris har bindingstid frå du bestiller, til 31. desember 2026.
• Noregspris bestiller du på minside.elhub.no.
• Du kan ikkje få både straumstøtte og Noregspris samtidig.
• Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.
• Merk at det er ei eiga ordning for Noregspris for fjernvarme, som du kan lese om her


Slik tingar du
• Frå 24. september 2025 kan du bestille Noregspris.
• Du kan bestille Noregspris hos minside.elhub.no.
• ⁠Kontakt nettselskapet ditt om du har spørsmål, treng hjelp eller ikkje kan bestille digitalt.
• Har du fleire straummålarar registrert på deg, må du bestille Noregspris for kvar straummålar. Du kan velje om du vil ha Noregspris på ein eller fleire straummålarar.

Unngå svindel:
• Du bør ikkje klikke på lenkjer i e-postar.
• Ingen skal inn i bustaden din i samband med Noregspris.
• Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.
Når bestillingsløysinga for Noregspris er klar, bør du sjølv gå direkte til minside.elhub.no og logge deg inn med elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass eller Commfides). Får du problem med å bestille digitalt, kan du kontakte nettselskapet ditt.

Slik fungerer Noregspris
Noregspris gir deg lik pris heile året
Vel du Noregspris, betaler du 50 øre/kWh med mva. heile året. Det vil seie at du anten vil få eit frådrag eller eit tillegg på nettleigefakturaen din. I tillegg til å betale Noregspris må du også betale nettleige, avgifter og eventuelt påslag frå straumleverandøren.

Bustader i Nordland, Troms og Finnmark betaler ikkje mva. på straum. Det betyr at desse betaler 40 øre/kWh.

Ordninga gjeld for straumforbruket hushaldet har i bustader og fritidsbustader. Noregspris gjeld opp til ei maksgrense per månad:
• 5 000 kWh for hushald
• 1 000 kWh for hytter/fritidsbustader

For forbruk over dette betaler du den prisen du har avtalt med kraftleverandøren.

Bindingstid
• Noregsprisen på 50 øre med mva. gjeld for perioden frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026.
• Du kan bestille Noregspris når som helst i perioden. Avtalen gjeld frå datoen du bestiller.
• Du har 14 dagars avbestillingsfrist frå du bestiller.
• Når avbestillingsfristen har gått ut, er straummålaren din bunden til Noregspris ut avtaleperioden, det vil seie fram til 31. desember 2026.